Om skolen

Sevland skole er ein barneskole på vestsida av Karmøy. Opplæringsmålet er nynorsk. Vi har i tillegg velkomstklasse for framandspråklege elevar som bur i sone 1 og 2.

Sevland skole består av tre bygg som er kopla saman. Det eldste bygget frå 1932 inneheld administrasjon og læraravdeling, 1974-bygget har gymsal, skolekjøkken/SFO/Bibliotek og klasserom og nybygget frå 2003/04 har klasserom, spesialrom til Kunst-og handverk og to store fellestorg.

Skolen har eit kjempefint uteområde med nærmiljøanlegg/jungel. Jungelen vart sett opp på dugnad av foreldra, og er eit svært populært innslag i skolegarden. Våren 2010 fekk vi bygd eit flott turnbasseng med ulike skranker/svingstenger, turnringar og trapes, og i 2012 terrasse med bord og benkjer. I 2014 bygde 17. mai komiteen/ FAU stor flott utescene

Tilpassa opplæring på alle trinn med tydelege faglege og sosiale mål er eit viktig fokus i arbeidet med elevvurdering. Vurdering for læring (VFL) skal vere med og auke elevane sitt læringsutbytte.  Faste, strukturerte elevsamtalar sett i system er ein viktig reiskap i å utvikle elevane våre både fagleg og sosialt. Tydelege og konkrete mål i det pedagogiske arbeidet med fokus på korleis ein skal nå måla, er eit av satsingsområda vi held fram med. Elevane sitt skolemiljø er eit anna viktig fokusområde for oss i arbeidet med å få høg trivsel og god læring. Elevane driv eigen lånebod/utlånssentral av leiker og utstyr i friminutta, og vi har utvikla vår eigen modell med aktivitetsleiarar , slik at alle har nokon å vera med og ting å halda på med. Sevland skole er utadretta og har vore med i EU-prosjekt for å auke elevane sin kunnskap og forståing for mellommenneskelege høve. Hausten 2017 vart skolen med i kommunen si storsatsing på å bruka ipad som hovudverktøy i undervisninga. Sevland skole brukar også Trivselsleiar-programmet for å auka trivsel i friminutta.