Åpen dag!

Sist oppdatert 21. februar 2019 08:57

Tirsdag 19.februar arrangerte skolen åpen dag for foreldre, foresatte og søsken. Programmet var variert, og elevane fekk visa fram noko av det me arbeidar med på skolen. 1.-4.trinn gjekk i lag og danna eit storkor og framførte vennskaps-songar dei hadde øvd på i løpet av vinteren. Alle klasserom hadde ulike aktivitetar, t.d koding av Blue Bot og Lego WeDo, gjettekonkurransar, naturfag-eksperiment, pianospill og filmframvisning. FAU stod for kafe-drifta, og køen her var lang…….. Det var flott stemning heile kvelden med glade elevar og smilande gjester!